Intervju
28 Oct

Om å lage nære dokumentar­portretter

Foto: FIMfilm
Samina Bruket
/
Innholdsprodusent

Korleis laga nære dokumentarportrett som verkeleg treff sjåaren – og får filmkritikarane til å trille høge terningkast?  

Filmskapar Frode Fimland, til no mest kjent for storsuksessane Søsken til evig tid og oppfølgjaren Søsken til evig tid: Amerikareisa, var på Jæren for å delta på kinopremierer på hans nyaste dokumentarfilm: John – den siste norske cowboy. Og då nytta me høvet til å stilla den dyktige regissøren åtte spørsmål:

1. Har du ei grunnleggande magekjensle på om ei historie kjem til å treffe publikum?

– Eg er aldri sjølvsikker og veit at ting funker, du må prøve det ut! Då eg begynte på første søskenfilmen min og filma på småbruket i Naustdal, var eg langt frå sikker på at nokon ville gidde å sjå på dette søskenparet som levde så enkelt og så sakte, utanom andre konfliktar enn slitet og livet. Men så oppdaga vi at dette kunne gi publikum nokre refleksjonar rundt det å leve eit lykkeleg liv, utan alt det materialistiske, og den bodskapen trefte publikum.

2. Når forstod du at du at historia til cowboy John måtte bli film, då?

– Allereie morgonen etter eg først møtte han! Eg følgde Naustedalen Spelemannslag på reise, og på ei førestilling i Montana tok John fram trekkspelet – og spelte med.

Eg inviterte meg sjølv heim til han, sa «kan eg komme til ranchen din i morgon tidleg klokka sju?».  Då fekk eg litt tid med John, før bussen skulle vidare. Eg hadde med kamera og det rulla i to timar. Allereie då begynte han å fortelle si historie, som då var verbal. Men du lagar deg jo eit bilete av kva film det kan bli. Korleis er karakteren, blikket, trur du på han?  Ja, det berre falt på plass med ein gong.

3. Måtte du jobbe for å få John med på prosjektet?

– Eg sa til han «eg vil lage ein film om deg og livet ditt». At dette er ei historie for norsk publikum, men og for et internasjonalt publikum, for historia han fortel angår så mange sitt liv, eller korleis mange nordmenn har møtt USA. Han forstod det med ein gong, og var stolt av at eg som kom frå same land som faren ville laga film om han.

4. Får dei involverte sjå noko av materialet, undervegs i prosessen?

– Eg har eigentleg eit prinsipp om at dei som eg lagar film om aldri får sjå opptak og scener av seg sjølv. For då veit eg at dei begynner å tenke «kva hadde eg på meg, og korleis oppførte eg meg der?», og blir veldig bevisst på korleis dei uttrykker seg.

Du har ei maske framføre deg, som du må brekke. Du må komme heilt inn viss du skal klare å lage ein film om eit menneske og eit liv. Det er det det handlar om.

Cowboy John Hoiland og filmskaper Frode Fimland. Foto: FIMfilm

5. Kva skjer etter filming, kor begynner du når alt skal settast saman til ei forteljing?

 – Det er ein lang prosess å lage ein slik film. Eg jobbar saman med ein redigerer som er ein fantastisk flink historieforteljar. Anders Teigen har redigert begge søskenfilmane og denne her om John.

Prosessen er sånn at eg kjem med ein harddisk og mine notater, vi set oss ned og ser materialet, så begynner vi å tenke utvikling, historie, dramaturgi. Vi bruker gule lappar som vi klistrar på veggene – veldig på den gamle måten!

Når vi føler vi begynner å få god flyt og ei handling, først då begynner vi å redigere.

6. Så du veit ikkje korleis historia skal bli bygd opp når du filmar? 

– Nei, nei. Historia forandrar seg alltid. Og nokon vinklingar og trådar som du går etter i starten, dei må du berre legge daudt når det enten ikkje fungerer eller du ikkje får det til.

Det typiske i denne filmen er kva som skjer med ranchen til John. Vil nokon ta over drifta, vil det bli noko etter John når han ikkje er gift? Han har to nevøar, og eg prøvde å finne noko der som kunne vore ein ende, men det måtte eg gi meg på. For du kunne fortalt det verbalt, men det var ikkje filmatisk, det var ikkje kjensler i det heller. Men no er eg nøgd med resultatet. Slik er John sin historie. 

7. Korleis finn du ut av kva som er viktig å ha med i portrettet om ein annan sitt liv?

– Når vi blir meir og meir kjent, så fortel han om det han er stolt over. Som til dømes at han kan bake potetlefser, det viser han og. Han var ein tilbyder. Andre scener må du jobbe meir med, til du er heilt fornøgd. Slik som det gamle vennskapet mellom John og Jim – det var tydeleg at det var ein viktig del av livet deira, men det var kanskje det som var vanskelegast å filme, og få ekte.

Dei scenene som verkeleg uttrykte vennskapet dei har, det strevde eg med lenge. Det vart ikkje fullført før på siste og sjuande turen.  

8. Var du meir sikker på suksess på denne filmen?

– Du veit aldri korleis filmen vil bli tatt imot. Men det er mange av dei same elementa som i søskenfilmane: Vennskap, å leve i pakt med naturen, å halde på livet sitt – så lenge ein kan, alt dette er fellesstrekk. Men denne filmen har eit utvandringstema som tilleggselement. At ein gong så stod me fattige og hadde eit håp og ein draum om ei betre framtid.  Og det er så lett å gløyme ... Livet går så fort og vi har ein rikdom i landet her i dag. Men det er mange som slit i verda, og alle treng eit håp.

En tittel til en sak
This is some text inside of a div block.
Finn flere aktuelle saker
Han som strekker seg lengst
Er det noen som går den ekstra milen for kunder og kolleger, så er det Tananger-gutten, musikeren og eks-håndballspilleren Trond Aril Espedal.
5 tips for deg som vil bli god å tegne
Men jeg mener at alle kan bli gode å tegne, om de bare har interesse for det. Her er 5 tips for å komme i gang!
«It’s now or never»
Les intervjuet med vår nærmeste nabo – i Erfjordgata 8.
Fargerik kunstnersjel!
Grafisk designer. Digital kunstner. Filmskaper. Musiker. Whiskykjenner. Veganer. Vi er glade og stolte over å kunne presentere den fargerike kreative kraften René Eide Rasmussen!
Her er Justyna!
Vi har fått et nytt ansikt på kontoret: Et kjekt tips førte til at våre veier møttes – og nå er Justyna Stachon vår mediegrafikerlærling.
PT-en som røsket oss ut av treningsdvalen
Istedenfor å jobbe på et treningssenter, vil Helene Abusland (27) heller gå litt «utenfor» og trene slike som oss!
Usynlig triks til TOC
Vi elsker styles i InDesign. Ikke minst når vi kan trykke på knappen og en innholdsfortegnelse åpenbarer seg.
4 intervjutips til deg som skriver
Hvordan forbereder du deg når du skal møte nye mennesker og temaer? Her er en guide for deg som vil få mer ut av intervjuer.
Smilepuls med hjertet i halsen 
Når du på impuls melder deg på 5 ukers løpekurs, fordi det dukker opp i feeden på Instagram ...
Slik deler du en plante på 1-2-3
Babyplanter! Hva gjør du med de små skuddene som dukker opp i potten? Slik lager du en ny plante på 1-2-3.
Spørsmål om krig – og vårsko
– Mamma, blir det krig i Norge og? Vi skal kjøpe nye sko i dag, du sa det?!
Adobetips fra Elisabeth
Hun hjelper oss når vi står fast. Og nå kan du også dra nytte av kunnskapen hennes!
Årets viktigste julegave
I desember tilbyr Asfalt-selgerne kokebøker i stedet for blader, og i år har redaksjonen invitert Albert Idsøe til å dele av sin kunnskap om mat og matproduksjon i regionen.
Om å lage nære dokumentar­portretter
Hvordan lager filmskaper Frode Fimland de nære portrettene, som treffer det store publikum? Vi har spurt ham! Les svarene her.
Videre­utvikling av visuell identitet
Har du noen gang sett deg i speilet og følt at det du ser ikke helt representerer den du er eller det du står for?
Hils på et gøyalt, digitalt magasin!
Fine og nyttige ting – i flere former – det kan vi like. Så i år har vi laget en digital utgave av gratismagasinet Barnas Rogaland: Bladet som samler fylkets kjekkeste attraksjoner.
En helt ulik årbok
I arbeidet med årboken til Stavanger Turistforening anno 2021 har vi hentet inn et ekko av årbøker helt fra 1921 i alt fra papirvalg og annonser til layout.
Podcast frå borettslaget
«Kva drømmer du om å få jobbe med?» blei eg spurd om i jobbintervju her hos Impress for litt over eitt år sidan. Eg nølte litt før eg svarte ...
Historien bak møblene
Fotograf Merethe og Mariken som er kreativ leder i Impress var nylig på filmoppdrag på Hellvik. Her deler Mariken tanker om produksjonsprosessen.
Førstegangs­kjøperne er på vei
Bate lager filmserie som skal hjelpe ferskinger på veien til første boligkjøp. Og vi er i gang med casting og filmproduksjon.
Organiske vegger in spe
Da vi fikk komme med innspill til utforming av våre nye kontorlokaler, var et ønske viktigere enn andre: grønne vekster skulle få stor og sentral plass.
Text Link
This is some text inside of a div block.